
Årboka HARDANGER 2022
Alle medlemer skal no ha fått årboka 2022 i posten.
Om du saknar årboka for 2022, kan det vera at vi har feil adresse. Kanskje har du flytta, fått ny adresse eller fått postboks? Vi ber dykk senda adresse-endring i e-post til post@hardanger-historielag.no eller ringja oss på telefon 918 45 719 for å melda rett postadresse. Vi får diverre ein del bøker i retur.
Kjenner du til at medlemer er gått bort, er vi takksame for å få melding slik at medlemsregisteret vert oppdatert.
Vil du kjøpa fleire årbøker, kan du tinga på same måte, men då kjem porto i tillegg.
Årboka er også til sals for kr 310,- i desse butikkane frå fredag den 18. november:
- Hardanger Folkemuseum, Utne
- Huus Bokhandel, Øystese
- Hardanger fartøyvernsenter
- Coop Prix Jondal
- Mathuset Grimo
- SPAR Nå
- SPAR Kinsarvik
- Vossevangen Norli
- Coop Ålvik
- Coop Granvin
- Handel & Handverk, Wollert Nordahl, Ulvik
- Handel & Handverk, Wollert Nordahl, Eidfjord
- Norli Odda
- Bunnpris Lofthus
Haustturen til Vallavik og Hallanger
Hardanger Historielag sin tur til Vallavik og Hallanger samla i alt 50 personar søndag 21. august 2022. Paul Wallevik som eig garden og husa i Vallavik no, tok raust imot oss i den gamle løa som han prøver å gjera til eit lite kultursenter. Dagen før hadde prosjektet...
Bli med oss på tur til Vallavik og Hallanger den 21. august 2022
Hardanger Historielag inviterer til ny tur i Hardanger. I år kan du bli med til Vallavik og Hallanger. Dette er to særprega stader med historisk sus frå brubygging, båtbygging, fotografering, bjørnejakt, flystyrt under krigen og mykje anna. Men har du nokon gong vore...
Dei flotte kyrkjebåtane i Hardanger er tema før årsmøtet 3. april
I samband med årsmøtet 2022, inviterer Hardanger Historielag til foredrag om kyrkjebåtar i Hardanger. Båtbyggjar Peter Helland Hansen ved Hardanger fartøyvernsenter omtalar foredraget sitt slik: "Bruken av kyrkjebåtar har rike tradisjonar i Hardanger. Både skriftlege...