Årboka HARDANGER 2023

07.12.23 | Arkiv, Nyhende

Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Men saknar du ho må du melda frå til leiar Gunnar I. Folkedal, på telefon eller e-post som du finn her på nettsida vår. Det kan vera at vi har feil postadresse til deg, eller det kan ha blitt ei feil i utsendinga.
  
Betalingsfrist for medlemspengar 2024 er den 15. desember. Berre kr 260, så er du sikra årboka til neste år også.
  
Vil du kjøpa boka i butikken, får du ho til kr 310,- i desse butikkane / musea:
  • Hardanger folkemuseum, Utne
  • Huus Bokhandel, Øystese
  • Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
  • Coop Prix Jondal
  • Mathuset Grimo
  • SPAR Nå
  • SPAR Kinsarvik
  • Vossevangen Norli, Voss
  • Ark Amfi Voss
  • COOP Granvin
  • Handel & Handverk – Wollert Nordahl, Ulvik
  • Handel & Handverk – Wollert Nordahl, Eidfjord
  • Norli Odda
  • Bunnpris Lofthus

 

Årboka HARDANGER 2024

Årboka HARDANGER 2024

Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Men saknar du ho må du melda frå til leiar Gunnar I. Folkedal på telefon 918 45 719 eller e-post post@hardanger-historielag.no. Det kan vera at vi har feil postadresse til deg, - har du flytta kanskje? Eller det kan ha...

Frå Moster til Hardanger. – Temahelg 16.–17. november

Frå Moster til Hardanger. – Temahelg 16.–17. november

2024 er eit stort jubileumsår i Noreg. Vi feirar at det er1000 år sidan kristenretten vart innført på Moster, og 750 år for Magnus Lagabøte si landslov. Landslova av 1274 vart skriven i Bergen, men kva fekk lova å sei i Hardanger? – Meir enn vi tenkjer på til dagleg i...