Årsmøte

Årsmøte 2021

Årsmøte i Hardanger Historielag, vart halde 03. oktober, klokka 15:30.

Årsmøtet var opprinnleg planlagt til 14. mars, utsett til 25. april, men det vart igjen utsett grunna koronasituasjonen. Før årsmøtet deltok omlag 30 interesserte på omvisning med avdelingsleiar, Agnete Sivertsen ved Hardanger folkemuseum, i utstillinga Opplut og belte.


Referat for årsmøtet

I alt 13 medlemer møtte. Årsmøtet var opphaveleg tillyst til den 25. april, men utsett grunna koronapandemien.

Sak 1 Velkomen
Leiar Gunnar I. Folkedal, ynskte velkomen. 

Sak 2 Godkjenning av innkalling
Ingen merknad, samrøystes godkjend.

Sak 3 Godkjenning av saklista
Ingen merknad, samrøystes godkjend.

Sak 4 Konstituering – val av ordstyrar og skrivar
Gunnar I Folkedal vald til møteleiar og Marit Bleie Mannsåker til skrivar, samrøystes.

Sak 5 Val av to medlemmer til å skriva under møteboka
Sjur K. Jaastad og, Lasse Aga samrøystes valde.

Sak 6 Årsmelding 2020
Møteleiar las opp styret sitt framlegg til årsmelding,
samrøystes godkjend.

Sak 7 Årsrekneskap 2020
Møteleiar las opp hovudpostane i årsrekneskapen.

Rekneskapen samrøystes vedteken. 

Sak 8 Budsjett 2021
Styret føreslår auke av årskontingent for medlemer med 20 kroner til kr 260.-

Styret sitt framlegg til budsjett samrøystes godkjent.

Sak 9 Val
Styremedlem Brita Jordal las valnemnda si innstilling – valet vart gjennomført ved akklamasjon, punkt for punkt i tråd med innstillinga:

Leiar: Gunnar I. Folkedal, vald for 1 år.

Styremedlemer:
Brita Jordal vald for 2 år
Brita Træbakken, Norheimsund, Kvam, vald for 2 år i 2020
Torgeir T. Alsåker, Vines, Ullensvang, vald for 2 år i 2020
Reidar Øygard, Grimo, Ullensvang, vald for 2 år 

Varafolk i nummerorden – vald for eitt år.

  1. Hans Hellevang, Bu, Eidfjord (møter fast)
  2. Olav Hovland, Lofthus, Ullensvang
  3. Otto Galtung, Jondal, Ullensvang

Revisor: Rekneskapsførar har autorisasjon, så ekstern revisor er ikkje turvande. Val av revisor går dermed ut. 

Valnemnd etter framlegg frå styret:

Helena Kjepso, attval for 1 år, leiar
Harald Olav Aksnes, attval for 2 år
Marit Bleie Mannsåker, ny for 3 år
Varamedlem til valnemnd Hildeborg Dalaker vald for 1 år 

Utsending til årsmøte i Hordaland Sogelag: Leiar eller den som leiar delegerer til.

Før årsmøte deltok 30-tals interesserte på omvising med avdelingsleiar, Agnete Sivertsen ved Hardanger folkemuseum, i utstillinga Opplut og belte

Marit Bleie Mannsåker – skrivar

Lasse Aga                                                                             Sjur K. Jaastad

 

Årsmelding 2020
Året 2020 vart litt spesielt. På grunn av koronaen, vart landet ned stengt 12.mars. Det fekk som følje at Hardanger Historielag ikkje fekk halda årsmøte som planlagt 15. mars. Først den 22. juni vart årsmøte avvikla, då utan programinnslag slik det var planlagt i mars.

Forretningsførar Øystein Pugerud hadde sagt opp frå 31.12.2019, men sa seg villig til å fungera fram til årsmøtet som var tillyst 15. mars. Etter vedtak i styret tok Marit Bleie Mannsåker over som forretningsførar for eitt år frå 15. mars og fekk oppgåva med å føreslå omorganisering av forretningsførarfunksjonen. Ho har møterett til styret. Frå same dato fungerte nestleiar Tina Kjerland som leiar fram til 16. april då det sitjande styret konstituerte på ny og fungerte fram til årsmøte vart halde 22. juni.

Styremedlem Gunnar Ingvaldson Folkedal som valnemnda hadde innstilt som ny styreleiar, vart valt til ny nestleiar/fungerande leiar fram til årsmøte. Hildeborg Dalaker rykte opp frå 1. vara til fast styremedlem. Brita Jordal, Tina Kjerland (på val) Harald Olav Aksnes (på val) og Hildeborg Dalaker (på val) heldt fram som styremedlemer til årsmøte kunne haldast.

Styret i meldingsåret frå 22.06.2020:

Gunnar Ingvaldson Folkedal, Granvin, leiar vald for 1 år (vald for 2 år i 2019).
Brita Jordal, Odda, skrivar vald i 2019.
Torgeir T. Alsåker, Ullensvang, nestleiar, vald for 2 år i 2020
Brita Træbakken, Kvam, styremedlem vald for 2 år i 2020.
Reidar Øygard, Ullensvang, styremedlem vald for 2 år i 2020. 

Varamedlemer vald for 1 år:

  1. Hans Hellevang, Eidfjord (møter fast).
  2. Olav Hovland, Ullensvang.
  3. Otto Galtung, Ullensvang.

Revisor:
Olaug Igland Bleie, Ullensvang, attval for 1 år.
Vara for 1 år, Jakob T. Bleie, attval for 1 år. 

Valnemnd etter framlegg for styret:

Anne-Kristine Mæland-Måkestad, leiar
Helena Kjepso
Harald Olav Aksnes 

Tina Kjerland, varamedlem

Redaksjon for årboka «Hardanger» 2020.
Marit Bleie Mannsåker har vore redaktør, Brita Jordal og Harald Hognerud, biletredaktørar.

Brita Jordal legg ut smakebitar frå artiklane på Facebook-sidene. Brita Træbakken er også med i redaksjonen for Facebook-kontoen.

Årsmøte for Hardanger historielag 2020 vart halde på Hardanger folkemuseum, Utne, den 22.06. Det var berre 9 medlemer som møtte. Det skuldast korona pandemien og at det ikkje var tillyst noko foredrag av same grunn. Årsmøtesakene vart samrøystes vedtekne. Årspengane vart sett til kr. 240,-.

Styrearbeidet i meldingsåret
Det er halde 4 styremøte i meldingsåret. Av dette var eit møte telefonmøte og resten vart haldne på Hardanger folkemuseum, Utne. Det vart handsama 41 saker. I samband med styremøte i oktober, vart det halde eit styreseminar der ein gjekk gjennom vedtektene, heimesida, strategi-/aktivitetsplan, synfaring av boklager og ei gjennomgang av medlemslista. Styremedlem Gunnar Ingvaldson Folkedal, møtte på Hordaland sogelag sitt årsmøte i Øygarden.

Økonomi
Årsrekneskapen for 2020, viser ei samla omsetning på kr 291.974 (274.456) og eit underskot på kr 33.636 (-18.144). Det var budsjettert med eit underskot på kr 37.000. Balansen viser pr. 31.12.2020, ein eigenkapital på 406.176  (420.469).

Forretningsførar/rekneskap
Øystein Pugerud som har vore forretningsførar for Hardanger historielag sidan 2001, sa i 2019 opp sitt engasjement frå 31.12.2019. Det vart forlengja til 15.03.2020.

Forretningsføraroppgåvene har vore samansette og det var naudsynt å splitta opp / fordela oppgåvene på ein ny måte. Marit Bleie Mannsåker har i samråd med leiar arbeidd med overgang til ny profesjonell rekneskapsførar og ei ny ordning for utsending av årbøkene med meir. Frå 01.07.2020 har Fonna Økonomi AS v/Jakob Bleie, ført rekneskapen. Han er autorisert rekneskapsførar, og det medfører at laget ikkje lenger treng revisor.

Utsending av årbøker
Utsending av årbøker til medlemene er i meldingsåret utført av forlaget til ein god pris. Forretningsførar og leiar hadde dugnad på sending av bøker til forfattarane og distribusjon av årbøker til utsalsstadane. Dei gjorde òg ein stor jobb med revisjon av postadressene til medlemene. Det er eit problem at det ofte ikkje vert meldt frå om adresseendringar eller avslutting av medlemskap ved dødsfall.

Medlemstal
Det var i meldingsåret ca. 840 medlemar i Hardanger historielag.

Årboka Hardanger
Årboka Hardanger hadde i 2020 eit opplag på 1350 eksemplar, er innbunden, har 210 sider med mange illustrasjonar og kostar kr 290,- i laussal. Innhaldet spenner over mange tema frå alle delar av Hardanger, og i meldingsåret også om utflytte hardingar på gullgraving i USA. Og ein tekst som er av nasjonal interesse med kopling til Hardanger.  Alle medlemene får boka tilsendt i november/desember.

Alle årbøkene frå 1908 til 2017 er no digitaliserte av Nasjonalbiblioteket og ligg tilgjengeleg på den nye heimesida til historielaget

Løyvingar
Hardanger Historielag har i 2020 avsett kr 40.000,- , til lokalhistoriske tiltak. Fylgjande prosjekt fekk støtte:

  • Ullensvang lagsarkiv: Ordning av arkiv Ullensvang Mållag.           kr 7 000,-
  • Nils Valland: Fealslag og oksar i Kvam.                             kr 7 000,-
  • AK Glück-Teigland: 666 hardingar på 200 sider.                           kr 7 000,-
  • Arne-Ivar Kjerland: Thrond Sj. Haukenæs. Mannen og verket.    kr 10.000,-
  • Åse Teigland: Halldor Meland CD-innspeling.                    kr 10.000,-

Til saman         kr  41.000,-

Heimesida
Historielaget fekk i 2020 nye heimesider med nytt domene. www.hardanger-historielag.no  Den fungerer no bra. Leverandør er firmaet GLYNT i Øystese. Den største utfordringa er å få overført strukturen og funksjonaliteten i bibliografien og netthandel-delen til den nye sida. Men me ser ei løysing. Inntil vidare ligg heile den gamla sida inne på den nye, slik at det er  søkjetilgang på stikkord, forfattarnamn og tema i bibliografien.

Tilskipingar
Laget har hatt fleire samarbeid med musea om publikumstilbod. Torsdag 5. mars var det bokslepp på Sentralbadet litteraturhus i Odda i samarbeid med Kraftmuseet. Knut Markhus presenterte boka si UNDERDEILIG! Hardanger si reiselivshistorie, utgitt av Kraftmuseet. Brita Jordal representerte og presenterte historielaget. Museet organiserte, og Historielaget støtta med kr 1000,- til annonse.

Sundag 30. august skipa Historielaget saman med Kraftmuseet ei «lokalhistorisk krafttur i Ålvikfjellet. Terje Kolbotn, tidlegare tilsett ved Kraftmuseet i Tyssedal var guide/turleiar saman med Brita Jordal som representerte både laget og museet. Ved Bjølsegrø-dammen fortalde Terje Lothe om anleggsarbeid og utbygging. Det var 25 deltakarar. Museet var teknisk arrangør. Historielaget støtta med kr 5.000,-.

Torsdag 27. august var det boklansering på Hardanger folkemuseum på Utne. Boka til Arne Ivar Kjerland om gravensaren og folkeminnesamlaren Thrond Sjurson Haukenæs, med tittelen: Mannen og verket, vart presentert. Forfattaren presenterte spesielt kapittelet om Haukanæs og folkemusikken, med ifelling av spel og forteljing som Knut Hamre gjorde meisterleg. Historielaget støtta arrangementet med å betala honorar på kr 4.000 og ein underskotsgaranti på inntil kr 2.000.

Styret for Hardanger historielag.

Samrøystes godkjend på årsmøte 03.10.2021.