Årsmøte

Årsmøte 2005

Leiar ynskte dei frammøtte (11) velkomen
Arne Gjerstad vart vald til skrivar.
Innkallinga til møtet vart samrøystes godkjend.
Saklista vart samrøystes godkjend.
Val av årsmøtenemd.
Asbjørn Haustveit og Einar R. Hansen vart samrøystes vald.
Leiar les opp årsmeldinga, som vart godkjend utan merknader.
Rekneskap og budsjett vart samrøystes godkjend
Under dette pkt. vart det nemt at årboka 2004 kom med frestrygg, noko som gjer at den ikkje kan bittast inn. Dette skulle rettast på for ettertida.
Val.
På val av styret var. Hans Litaltun og Jarle Vangen. Begge vart attvalde. Vararepresentantar som vart valde var. Nils Årekol og Svein Haugen begge attval, og Mikjel Hoff som ny for Inge L. Reinsnos.
Til leiar vart Kristian Djupevåg vald.
Til revisor vart vald Svein Grønsberg, og til vara Halldor O. Helleland.
Val av utsending til årsmøte i Hordaland Sogelag. Vart vald Kristian Djupevåg, og nestleiar som vara.
Valdnemd: Oddmund Hus (leiar), Torbjørn Dyrvik og Sjur Frimann Hjeltnes (ny)
Orientering om førebuingsarbeid for distriktssoga ved Oddm. Hus og Inge L. Reinsnos.
Prospekt og idear for soga vart framlagde i brei skala, og nemda fekk av årsmøtet mandat til å arbeida vidare med dette prosjektet. Samstundes fekk styret i historielaget fullmakt til å disponera fondsmidlar (1 million NOK) til denne soga.
Årsmøtet slutta som tradisjonen tru, med matøkt og sosial samrøda.
Arne Gjerstad
Ref.

Årsmelding Hardanger Historielag 2004

Styret i meldingsåret: Leiar Kristian Djupevåg, Guttorm Rogdaberg, Kjell Kjærland, Hans Litlatun, Jarle Vangen, Vara: Hildeborg Dalaker, Oddlaug Måge, Nils Årekol, Svein Haugen, Inge L. Reinsnos
Revisor: Halldor D. Hellelnad Vara: Svein Grønsberg
Utsending til Hordaland Sogelag: Kristian Djupevåg har deltek på Hordaland Sogelag sitt årsmøte på Utne.

I meldeåret har det vore halde 2 styremøter. Det er gjeve løyvingar til fylgjande arbeid i distriktet: Hardanger Folkemuseum, Hardanger Folkemusikksamling, Havaas Gruppa, Haukenes utgjevingar, Knut Hamre m/fleire. Til saman kr. 37.200.

Det har vore arbeidd med å førebu utgjeving av Distriktssoge for Hardanger av ei vald nemd: Lars O. Bleie, Inge L. Reinsnos og Oddmund Hus. Nemda vil orientera om arbeidet på årsmøtet. Årboka Hardanger: Lars O. Bleie og Inge L. Reinsnos har vore redaktørar og også i år gjort ei framifrå arbeid med boka.

Vidare kan nemnast at Hardanger Historielag har vore engasjert med Mellomalder seminaret som vart halde saman med Hardanger Folkemuseum og Agatunet.

For styret: Kristian Djupevåg