Årsmøte

Årsmøte 2014

Årsmøte i Hardanger Historielag 9. mars 2014 kl 1430 på Hardanger Folkemuseum.

22(23) frammøtte medlemer.

 

Sak 1 Velkomen.

Leiaren Marit Bleie Mannsåker ønskte velkomen.

 

Sak 2 Innkalling.

Det var ingen merknader til innkallinga.

 

Sak 3 Sakliste.

Denne var utdelt i forkant av møtet saman med årsmelding og rekneskap.

Ingen merknader.

 

Sak 4 Konstituering.

Marit Bleie Mannsåker vart vald til møteleiar og Arne L. Aksnes til referent.

 

Sak 5 Val av 2 medlemer til å skriva under møteboka.

Sjur Jåstad og Solveig Grønlien vart valde.

 

Sak 6 Årsmelding 2013.

Arne L. Aksnes gjekk gjennom denne. Samla overskot i årsmeldinga vart retta

til kr 32804,-. Elles ingen merknader.

 

Sak 7 Rekneskap 2013.

Forretningsføraren Øystein Pugerud gjekk gjennom denne. Det har vore ein

totalomsetnad på kr 331757,- i meldingsåret og eit overskot på kr 32804,-.

Det var spørsmål om posten løner og ymse i rekneskapsoppsettet frå salen.

Rekneskapen godkjend i samsvar med tilråding frå revisor.

 

Sak 8 Budsjett for 2014.

Forretningsføraren la fram utkast til budsjett med ei kostnadsramme på kr

336000,- og eit forventa overskot på kr 16000,-. Budsjettet samrøystes god-

kjent. Medlemspengar på kr 220,- vert uendra.

 

Sak 9 Val.

Leiar i valnemnda, Lars O. Bleie, var ikkje tilstades, men Marit Bleie Manns-

åker styrde valet etter skriftleg innstilling frå valnemnda. Alle val godkjende

med akklamasjon.

Leiar: Helena Kjepso, Kvam, vald for eitt år.

Styremedlemer: Marit Bleie Mannsåker, Odda, vald for 2 år. Harald Olav

Aksnes, Kvam, vald for 2 år.

Frå før står: Jarle Vangen, Odda og Olav Taskjelle, Granvin.

Varafolk i nummerorden-valde for eitt år.

1. Brita Jordal, Odda. 2. Hildeborg Dalaker, Ulvik. 3. Otto Galtung, Jondal,

4. Odlaug Måge, Ullensvang, 5. Magnhild Brandstveit, Granvin.

 

Revisor: Olaug Igland Bleie, Ullensvang. Vararev.: Jakob T. Bleie, Ullensv.

Valnemnd: Hans S. Velken, Granvin for eitt år. Grethe Møllendal Hereid,

Ulvik for 2 år, Kristi Skintveit, Jondal, ny, for 3 år. Vara: Halldor J. Helleland.

Utsending til årsmøtet i Hordaland Sogelag: Helena Kjepso, styret utnemner

varautsending.

 

Marit Bleie Mannsåker takka og overrekte heiderskrus til Arne L. Aksnes som no går ut av

styret etter  6 år. Deretter overlet ho roret til den nye leiaren Helena Kjepso og ønskte lukke

til i arbeidet.

 

Etter årsmøtet var det fagforedrag om stadnamn i Hardanger ved Bottolv Helleland. 43

frammøtte under denne bolken. Helleland reknar at det var vel 500 matrikkelgardsnam i

Hardanger som er grunnlaget for ei mengde stadnamn av ulik alder og opphav.

Alt i alt var det eit svært interessant tema.

Arne L. Aksnes, ref.

Sjur Jåstad                                                                 Solveig Grønlien