Årsmøte
Årsmøte 2015
Referat for årsmøte i Hardanger Historielag 18.04.15 på Hardanger folkemuseum, Utne
Frammøtte: 43 (22) medlemer.
Sak 1 Velkomen
Leiaren, Helena Kjepso, ynskte velkomen.
Sak 2 Innkalling
Ingen merknad, samrøystes godkjend.
Sak 3 Saklista
Ingen merknad, samrøystes godkjend.
Sak 4 Konstituering
Marit Bleie Mannsåker vart vald til møteleiar og Brita Jordal til skrivar, samrøystes.
Sak 5 Val av to medlemmer til å skriva under møteboka
Otto Vikane og Inge Reinsnos vart samrøystes valde.
Sak 6 Årsmelding 2014
Møteleiar gjekk gjennom årsmelding for 2014.
Ingen merknad, samrøystes vedteken.
Sak 7 Rekneskap 2014
Forretningsførar Øystein Pugerud la fram rekneskapen og møteleiar las opp revisjonsmeldinga.
Ingen merknad, samrøystes vedteken.
Styret hadde slikt framlegg til fordeling av overskotet på kr 84 551: 40 000,- skal dekkja siste innbetaling på Regionshistorien – og kr 44 551,- skal overførast til laget sin eigenkapital.
Styret si innstilling vedteke, samrøystes.
Sak 8 Budsjett 2015
Øystein Pugerud las opp styret sitt framlegg. Då fylkestilskotet fell vekk i si noverande form, føreslår styret å leggja på medlemsprisen med kr 16,- til 236,-
Styret si innstilling vedteke, samrøystes.
Sak 9 Val
Møteleiar las valnemnda si innstilling: Leiar: Helena Kjepso
Styremedlemer: Brita Jordal, Odda for to år, Olav Taskjelle, Granvin to år.
Harald Olav Aksnes, Kvam og Marit Bleie Mannsåker, Odda var ikkje på val
Varafolk i nummerrekkefylgje valde for eitt år: Otto Galtung, Jondal, Hildeborg Dalaker, Ulvik
Odlaug Måge, Ullensvang, Magnhild Brandstveit, Granvin, Hans Hellevang, Eidfjord
Revisor: Olaug Igland Bleie, attvald for eitt år. Vara: Jakob T. Bleie, attvald for eitt år.
Valnemnd: Grethe Møllendal Hereid, Eidfjord, ikkje på val, Kristi Skintveit, Jondal, ikkje på val,
Per Frode Bu, ny for tre år. Vara: Øyvind Aarekol, Kvam, ny for eitt år. Alle samrøystes valde.
Utsending til Hordaland Sogelag: Helena Kjepso vart vald. Ho kan delegera til andre i styret.
Samrøystes.
Helena Kjepso takka og overrekte heiderskrus til Jarle Vangen som gjekk ut av styret etter åtte år.
Etter årsmøtet var det lanseringsarrangement for Hardanger – ei regionhistorie.
Brita Jordal – skrivar
Otto Vikane Inge Reinsnos