Årsmøte

Årsmøte 2017

Referat for årsmøte i Hardanger Historielag 19.03.2017 på Hardanger folkemuseum, Utne

Frammøtte: 34 medlemer på årsmøtet, (42 på føredraget etterpå). 

Sak 1 Velkomen
Leiaren, Helena Kjepso, ynskte velkomen.

Sak 2 Innkalling
Ingen merknad, samrøystes godkjend.

Sak 3 Saklista
Ingen merknad, samrøystes godkjend.

Sak 4 Konstituering
Marit Bleie Mannsåker vart vald til møteleiar og Brita Jordal til skrivar, samrøystes.

Sak 5 Val av to medlemmer til å skriva under møteboka
Lars Gjernes og Johannes Heradstveit vart samrøystes valde.

Sak 6 Årsmelding 2016
Møteleiar las opp styret sitt utkast til årsmelding for 2016.

Ein merknad: Tal i årsmelding må samordnast med rekneskap. Samrøystes vedteken.

Sak 7 Rekneskap 2016
Forretningsførar Øystein Pugerud la fram rekneskapen og informerte om ferdig revisjonsmelding.

Ingen merknad, samrøystes vedteken.

Sak 8 Budsjett 2017
Øystein Pugerud las opp styret sitt framlegg. Ingen framlegg om endring av medlemspengar.

Styret si innstilling vedteken samrøystes.

Sak 9 Val
Leiar i valnemnda Kristi Skintveit la fram innstillinga: Leiar: Helena Kjepso, attval for 1 år.

Styremedlemer: Brita Jordal, Odda for to år, Olav Taskjelle, Granvin to år. Båe attval.

Harald Olav Aksnes, Kvam og Marit Bleie Mannsåker, Odda var ikkje på val.

Varafolk i nummerrekkefylgje valde for eitt år: 1. Hildeborg Dalaker, Ulvik, 2. Hans Hellevang, Eidfjord, 3. Otto Galtung, Oslo (frå Jondal).

Vedtektene krev ikkje eit fast tal med varamedlemer. Reduksjonen frå fem til tre godkjend.

Revisor: Olaug Igland Bleie, attvald for eitt år. Vara: Jakob T. Bleie, attvald for eitt år.

Utsending til Hordaland Sogelag: Helena Kjepso vart vald. Ho kan delegera til andre i styret.

Samrøystes.

Valnemnd for 2018: Per Frode Bu, ikkje på val (vald for tre år i 2015, ønskjer ikkje vera leiar), Nils Frøynes, Ullensvang, ny, vald for 3 år.
Hans Børve, Kvam, ny, vald for 3 år.

Vara til  valnemnda: Hans Litlatun, Øvre Eidfjord  vald for 1 år

Gunn Marit Lægreid var vald til valnemda for 3 år i 2016, ho står på flyttefot ut av regionen og må trekkja seg.

Alle samrøystes valde.

Etter årsmøtet, kl 15.30, heldt Finn Måge foredrag med utgangspunkt i boka si Norsk frukthistorie sett frå Hardanger (Skald 2016). Mange nytta òg høvet til å kjøpa boka og få ho signert av forfattaren.

Brita Jordal – skrivar

Godkjenning av møteboka:

Lars Gjernes                                                   Johannes Heradstveit 

 

Årsmelding 2016

Styret i meldingsåret:

Helena Kjepso, Voss, leiar vald for eitt år
Olav Taskjelle, Granvin, nestleiar, vald til styret for 2 år i 2015.
Marit Bleie Mannsåker, Odda, skivar, vald til styret for 2 år i 2016
Brita Jordal, Odda, vald til styret for 2 år i 2015
Harald Olav Aksnes, Kvam, vald til styret for 2 år i 2016

Varamedlemer (valde for eitt år):

  1. Hildeborg Dalaker, Ulvik møter fast
  2. Odlaug Måge, Ullensvang.
  3. Magnhild Brandstveit, Granvin.
  4. Hans Hellevang, Eidfjord
  5. Otto Galtung, Jondal

Revisor (vald for eitt år):
Olaug Igland Bleie, Nå.
Vara: Jakob T. Bleie, Nå.

Forretningsførar:
Øystein Pugerud, Grimo.

Valnemnd:
Kristi Skintveit, Jondal for eitt år, Per Frode Bu for to år, Gunn Marit Lægreid, Eidfjord for tre år

Vara for eitt år: Nils Frøynes, Ullensvang

Utsendingar til årsmøtet i Hordaland Sogelag: Helena Kjepso

Årsmøtet til Hordaland Sogelag var i år lagt til Kvam, med tema Feler, frukt og fruer, det var lagt opp utflukter til Fykse og Tørvikbygd. Utsendingar frå styret i Hardanger Historielag var Harald Olav Aksnes og Helena Kjepso.

Redaksjon for årboka ”Hardanger” 2016:
Marit Bleie Mannsåker har vore redaktør og Harald Hognerud biletredaktør. Brita Jordal legg ut smakebitar frå artiklane på Facebook-sidene.

Årsmøtet for Hardanger Historielag 2016 vart halde på Hardanger Folkemuseum, Utne, den 03.04. og 21 medlemer møtte. Årsmøtesakene vart samrøystes godkjende. Etter årsmøte fortalde Asbjørn Børsheim om siderproduksjonen i Hardanger og Lars O. Bleie om historia til fruktdyrkinga i Hardanger til 37 frammøtte.

Styrearbeidet i meldingsåret:
Det er halde 4 styremøte og handsama i alt 25 bokførde saker. I tillegg kjem ei rekkje orienteringssaker til styret. Møta vart avvikla på Hardanger folkemuseum på Utne.

Turnemnda, med Olav Taskjelle og Brita Jordal i spissen, har også vore aktive i år. Sundag 28. august gjekk turen til Herand, der mellom anna Oppgangsaga i Herand og Kulturhistorisk senter stod på programmet. Jon Steinar Skeie var med som ypparleg kjentmann og omvisar.

Økonomi:
Årsrekneskapen for 2016 viser ein samla omsetnad på kr 289 076 og eit overskot på  kr 29 655         (32 155) mot budsjettert kr 23 000. Balansen viser ein total eigenkapital for historielaget på

kr 414 560 (397 154).

Årboka Hardanger:
I 2016 var årboka på 262  sider i innbunden form. Boka har ei tiltalande utforming med mange svært interessante artiklar frå ulike deler av Hardanger. Årsskriftet vil i vanlege driftsår vera det viktigaste tiltaket for medlemene.

Laget har kvart år ein budsjettpost for løyvingar. På siste styremøte før sommaren vart

kr 40 000 fordelte slik;

-Finn Måge, til arbeid med boka Norsk Frukthistorie. Innhaldet er i stor grad knytt opp til Hardanger. Boka kom ut på Skald forlag hausten 2016.

-Fotograf Elisabeth Emmerhoff. Inspirert av eldre portrettfoto av spelemenn, ønskjer Emmerhoff  å dokumentere aktive spelemenn i regionen anno 2016.

-«Bevar meg vel» – seminar i Agatunet om vern og bruk av eldre arkivmateriale, brev og bøker. Samarbeidspart er mellom anna Universitetet i Stavanger.

-95 slåttar frå Granvin. Nye innspelingar av slåtterepetoaret heimehøyrande i Granvin.  Søkjar Benedicte Maurseth / Knut Hamre / Grappa.

Gode søknadar som alle var aktuelle for større deler av Hardanger, førde til at styret vedtok å auka summen til fordeling med kr 10 000.

Styret vedtok vidare at frå 2017 av, skal midlane lysast ut på nyåret og prosjekta som får støtte presenterast på årsmøtet kvart år.

Medlemstal:
Det var i meldingsåret  886  (922) betalande medlemer i Hardanger Historielag.

Internett:
Laget sine nettsider er tiltalande og har fungert tilfredstillande teknisk, men aktiviteten er framleis for liten. Samstundes vert Facebook ein stadig viktigare kanal for å nå ut til folk. Brita Jordal og Helena Kjepso held Facebooksida vår oppdatert. Du finn ho på www.facebook.com/tidsskriftethardanger

Laget er medlem av Hordaland sogelag og Landslaget for lokalhistorie – LLH,

Gjennom året får laget ein del spursmål frå slektforskarar og andre. Brita Jordal NVIM og Håkon Brattespe HFM kan svara på det meste, nokre spursmål sender me vidare til kunnskapsrike medlemer.

Styret for Hardanger Historielag