Årsmøte
Årsmøte 2022
Referat frå årsmøte i Hardanger Historielag
den 3. april 2022 på Hardanger Folkemuseum, Utne
I alt 15 medlemer møtte, av dei forretningsførar, fem styremedlemer og 1. vara.
Sak 1 Velkomen
Leiar Gunnar I. Folkedal, ynskte velkomen.
Sak 2 Godkjenning av innkalling
Ingen merknad, samrøystes godkjend.
Sak 3 Godkjenning av saklista
Ingen merknad, samrøystes godkjend.
Sak 4 Konstituering – val av ordstyrar og skrivar
Gunnar Folkedal vart vald til møteleiar og Brita Jordal til skrivar, samrøystes.
Sak 5 Val av to medlemmer til å skriva under møteboka
Etter framlegg vart Lars O. Aga og Lars A. Aga valde.
Sak 6 Årsmelding 2021
Møteleiar las opp styret sitt framlegg til årsmelding.
Ingen framlegg til endringar i meldinga; samrøystes godkjend.
Det minkane medlemstalet vart i etterkant kommentert frå salen. Det vart òg spurt om ein kan få til betre kontakt med dei andre lokallaga og gjera laget kjent / tilby medlemskap via desse.
Sak 7 Årsrekneskap 2021
Møteleiar las opp hovudtal og kommenterte årsaker til at rekneskapen vart lagt fram med underskot; portoutgifter for to år er ført på same driftsår og styret har valt å ta utgifter ved omlegging av bibliografien på heimesida over drift. Rekneskapen vart samrøystes vedteken.
Det vart i etterkant peikt på at laget har hatt underskot over fleire år og held det fram slik, vil eigenkapitalen gå mot null etter åtte-ti år.
Sak 8 Budsjett 2022
Møteleiar la fram hovudtal i styret sitt framlegg, presentert i tabell saman med årsoppgjer. Styret legg opp til eit planlagt underskot på kr 23 000, mot minus 58 202 i rekneskapen for 2021.
Framlegg til budsjett vart samrøystes godkjent. Laget må arbeida for å halda kontroll på økonomien. Med forventa prisstiging, kan det verta utfordrande.
Sak 9 Val – saka vart handsama før sak 8 sidan leiar i velnemnda måtte nå ferja.
Olav Harald Aksnes la fram valnemnda si innstilling. Valet vart gjennomført ved akklamasjon punkt for punkt i tråd med innstillinga:
Leiar: Gunnar I. Folkedal, attvald for 1 år.
Styremedlemer:
Brita Træbakken, Norheimsund, Kvam, attvald for 2 år
Torgeir T. Alvsåker, Vines, Ullensvang, attvald for 2 år
Reidar Øygard, Grimo, Ullensvang, attvald for 2 år
Ikkje på val: Brita Jordal, Odda, Ullensvang.
Varafolk i nummerorden – valde for eitt år.
- Hans Hellevang, Bu, Eidfjord (møter fast)
- Olav Hovland, Lofthus, Ullensvang
- Otto Galtung, Jondal, Ullensvang (leiar kontaktar han)
Valnemnd etter framlegg vart desse valde:
Harald Olav Aksnes, attval for 1 år
Marit Bleie Mannsåker, attval, for 2 år
Hildeborg Dalaker, ny for 3 år
Vara for 1 år: ikkje vald.
Utsending til årsmøte i Hordaland Sogelag: Leiar eller den som leiar delegerer til.
Brita Jordal – skrivar
Referatet underskrive av:
——————————————- —————————————-
Lars O. Aga Lars A. Aga
ÅRSMELDING 2021 FOR HARDANGER HISTORIELAG
Også driftsåret 2021 har vore prega av koronasituasjonen og avgrensingar, men laget kan likevel sjå tilbake på fleire positive aktivitetar. Heimesidene er vidareutvikla og årboka har nok ein gong kome ut med tiltalande bokbunad og er distribuert til medlemer og utsalsstader. Årsmøtet måtte utsetjast to gonger, men vart avvikla i oktober, og det opne publikumstilbodet i utstillinga Opplut og belte, hadde godt frammøte.
Leiar Gunnar Ingvaldson Folkedal møtte på Hordaland sogelag sitt årsmøte 16. – 17. oktober.
Årsmøte for Hardanger historielag 2021 vart halde på Hardanger folkemuseum 3. oktober. Det var 13 medlemer på årsmøtet som var i etterkant av publikumsarrangementet. Årsmøtesakene vart samrøystes vedtekne. Årspengane vart sett opp til kr 260,- og utsalspris for årboka justert til kr 310 i prosentvis forhold til medlemskontingenten, slik reglane er.
Styret vald på årsmøtet i 2020 fungerte fram til årsmøtet 3. oktober.
Styret etter årsmøtet 3. oktober har vore:
Gunnar Ingvaldson Folkedal, Granvin, leiar, attvald for 1 år som leiar
Brita Jordal, Odda, skrivar, attvald for 2 år
Torgeir T. Alsåker, Ullensvang, nestleiar, vald for 2 år i 2020
Brita Træbakken, Kvam, styremedlem, vald for 2 år i 2020.
Reidar Øygard, Ullensvang, styremedlem, vald for 2 år i 2020.
Varamedlemer vald for 1 år:
- Hans Hellevang, Eidfjord (møter fast)
- Olav Hovland, Ullensvang.
- Otto Galtung, Ullensvang.
Revisor: er overflødig etter at det autoriserte firmaet Fonna Økonomi as fører rekneskapen.
Valnemnd valt på årsmøtet i 2021 etter framlegg frå styret:
- Helena Kjepso, attval for 1 år, leiar
- Harald Olav Aksnes, attval for 1 år
- Marit Bleie Mannsåker, ny for 3 år
Vara for 1 år: Hildeborg Dalaker
Redaksjon for årboka «Hardanger» 2021.
Marit Bleie Mannsåker har vore engasjert som redaktør. Harald Hognerud og Brita Jordal har vore biletredaktørar / medredaktør.
Styrearbeidet i meldingsåret
Det er halde 3 styremøte i meldingsåret, alle på Hardanger Folkemuseum. Det vart handsama 24 saker. Styret ved leiar har mellom anna halde fram med å rydda opp i postadresser til medlemene. Mange gløymer å melda adresse-endringar ved flytting eller innføring av nye vegnummer. Retur av årbøker, ekstra arbeid og dyr porto ved ny utsending er ei utfordring. Rekneskapsførar ajourfører i medlemsregisteret og registrerer e-postadresser til medlemene. Det lett å nå laget via heimesida www.hardanger-historielag.no eller ein telefon til leiar.
Bøker og hefte på lager
Leiar og Hans Hellevang har lagt ned mykje arbeid for å få oversikt i lageret av årbøker / hefte og bøker på Grimo. Det er òg arbeidd med revisjon av utsalsprisar og porto. Målet er å få selt opptrykte årgangar frå lager og på sikt også redusera lageret gjennom ei planlagt kassering. Status på lageret er ujamt. Opptrykk frå 1908 – 1935 er det rikeleg av. Opptrykk 1936 – 1947 er utseld. Perioden 1947 – 55 er det frå 0 til svært få att av. Frå 1955 – 78 varierer talet frå 0 til 100 og frå 1982 fram til i dag rikeleg, men med 3 årgangar under 50.
Heimesida
Ei hovudsak har vore vidare arbeid med utvikling av nettsidene med presentasjon av laget. Historielaget fekk i 2020 nye heimesider med nytt domene www.hardanger-historielag.no. Den gamle nettsida med adresse www.hardanger-historielag.com er avslutta.
Styreleiar har lagt ned eit stort arbeid og samarbeider godt med firmaet Glynt som legg ut saker under Nyhende når dei får stoff tilsendt frå styret. Alle årsmeldingar frå og med 1999 kan lesast på nettsida. Opplysningar om innmelding, søknadsfristar, årsmøte, tilskipingar, årbøker med meir, er lett tilgjengelege. Historielaget ved Brita Træbakken har òg sørga for at det er laga og lagt ut tre små filmar om gamle reiskapar.
Omlegging av bibliografien til årbøkene og søkefunksjonar på nettsida har vore utfordrande. Søk i utgjevingar og artiklar frå 1908 og fram til i dag, er delt i tre; hefte, forfattar og emne. Styret vil arbeida vidare med å betra emnesøk.
Tinging av bøker og hefte er lagt om til e-post eller telefon. Dette er greitt forklart og viser seg å fungera bra.
Løyvingar til lokalhistorisk arbeid
Desse fekk støtte etter vedtak i styret:
Hesthamar skrivargard Rettsløype kr 15.000,- *
Hardanger folkemuseum Skautafelling kr 15.000,- *
Granvin sogelag Munnlege opptak kr 2.500,-
Kvam mållag Dialekt-ord og uttrykk frå Kvam kr 2.500,-
Til saman kr 35.000,-
Etter lysingar i alle tre lokalavisene og på nettsider og Facebook, kom det inn 7 søknadar på samla søknadssum kr 93.151. Det var innstilt på kr 40 000 til stønad i budsjett, men styret held att 5000. Styret meiner at prosjektløyvingar er ein viktig aktivitet og god profilering av laget.
Tilskipingar
Det vart ikkje skipa til tur i år. I samband med årsmøtet, inviterte vi til ei omvising med styrar Agnete Sivertsen i bunadsutstillinga på Hardanger Folkemuseum. Arrangementet var gratis og ope for alle, vart gjort godt kjent på nett og med annonse i dei tre lokalavisene. HF tok inn pressemeldinga. Omvisinga samla om lag 30 personar i alle aldersgrupper. Brita Jordal ynskte velkomen og orienterte kort om laget, nettsidene og medlemskap.
Hardanger Historielag på Facebook
Aktiviteten på laget si Facebookside har vore ujamn i 2021. Årsmøtet med publikumsarrangement vart annonsert, delt og omtalt i mange aktuelle Facebook-grupper, noko som såg ut til å gje godt utslag. Det er lagt ut nokre smakebitar frå årbokartiklar, årboka fekk omtale med oversikt over utsalsstader, og det vart delt lenker til andre aktuelle sider.
Økonomi:
Årsrekneskapen for 2021 viser ei samla omsetning på kr 287.769 (291.974) og sum utgifter på kr 345.971 (325.610) og eit underskot på kr 58.202 (33.636). Det var budsjettert med eit underskot på kr 37.000. Balansen viser pr. 31.12.2021 ein eigenkapital på kr 370.089.
Forretningsførar/rekneskapsførar
Frå 01.07.2020 har Fonna Økonomi AS ved Jakob Bleie, ført rekneskapen. Endeleg avtale med Fonna Økonomi AS var godkjend av styret i møte 22.03.2021. Mange av oppgåvene knytte til tidlegare forretningsførar, som distribusjon av årboka, medlemskontakt, boksal med meir, har i 2021 for det meste vore utført gratis av leiar og dels av redaktør.
Årboka Hardanger
Utgjeving av årboka Hardanger er ei hovudsak for laget. Årboka 2021 har eit opplag på 1350 eksemplar, det same som i 2020. Boka er innbunden, har 197 sider, 9 annonsesider og sider med meldingar frå laget. Boka har mange illustrasjonar og kostar kr 310 i laussal. Innhaldet har tema frå alle delar av Hardanger og om utflytte hardingar i USA. Alle medlemene fekk boka tilsendt i november/desember.
Årbøkene fram til og med 2017 er også digitalt tilgjengelege og søkbare i fulltekst via heimesida til Hardanger historielag / Nasjonalbiblioteket.
Utsending av årbøker
Utsending til medlemene er i meldingsåret utført av forlaget til ein god pris. Leiar har ordna med ny utsending av bøker som kjem i retur grunna feil adresser. Leiar har òg tatt seg av kontakt med utsalsstader og distribuert bøker. Redaktør og leiar har ordna sending av eldre hefte som er tinga.
Medlemstal:
Det var i meldingsåret 840 medlemer i Hardanger historielag. Av desse er 796 betalande medlemer. Medlemstalet er gradvis minkande. 22 er utmelde (derav 7 dødsfall) og 12 er innmelde i 2021. Leiar og rekneskapsførar har sendt ut vel 50 purringar pr papirpost for medlemspengar og har fått inn 40 av desse, eit godt resultat.
Styret for Hardanger historielag