Årsmøte

Årsmøte 2023

Referat frå årsmøte i Hardanger Historielag

den 19. mars 2023 på Hardanger Folkemuseum, Utne

I alt 24 medlemer møtte, derav fem styremedlemer og 1. vara til styret. 

Sak 1 Velkomen
Leiar Gunnar I. Folkedal, ynskte velkomen.

Sak 2 Godkjenning av innkalling
Ingen merknad, samrøystes godkjend.

Sak 3 Godkjenning av saklista
Ingen merknad, samrøystes godkjend.

Sak 4 Konstituering – val av ordstyrar og skrivar
Gunnar Folkedal vart vald til møteleiar og Brita Jordal til skrivar, samrøystes.

Sak 5 Val av to medlemmer til å skriva under møteboka
Etter framlegg vart Aud Mari Eitrheim og Randi Jåstad valde.

Sak 6 Årsmelding 2022
Skrivar las opp styret sitt framlegg til årsmelding.
Ingen merknadar til endringar i meldinga; samrøystes godkjend.

Sak 7 Årsrekneskap 2022
Møteleiar las opp hovudtal og kommenterte at det er tilstreba streng styring og at rekneskapen vert lagt fram med overskot; kr 38879,- og sum gjeld og eigenkapital kr 396 872,-. Rekneskapen samrøystes vedteken.

Sak 8 Budsjett 2023
Møteleiar la fram styret sitt framlegg på 317 000 i inntekter og 330 000 i utgifter. Ein må rekna med auka kostnadar til produksjon av årboka. Budsjettframlegget vart samrøystes godkjent.

Sak 9 Val
Harald Olav Aksnes la fram valnemnda si innstilling og valet vart deretter gjennomført ved akklamasjon, punkt for punkt i tråd med innstillinga.

Leiar: Gunnar I. Folkedal, vald for 1 år.
Styremedlemer:
Brita Jordal, Odda, Ullensvang, attval for 2 år.
Brita Træbakken, Norheimsund, Kvam, ikkje på val
Torgeir T. Alsåker, Vines, Ullensvang, ikkje på val
Reidar Øygard, Grimo, Ullensvang, ikkje på val

Varafolk – valde for eitt år.

1. Hans Hellevang, Bu, Eidfjord (møter fast)
2. Olav Hovland, Lofthus, Ullensvang
3. Otto Galtung, Jondal, Ullensvang

Valnemnd etter framlegg frå styret vart desse valde:
Marit Bleie Mannsåker, attval, for 1 år
Hildeborg Dalaker, attval, for 2 år­­­
Helena Kjepso, ny, for 3 år
Vara for 1 år: Turid Olsen Nå 

Utsending til årsmøte i Hordaland Sogelag: Leiar eller den som leiar delegerer til.

Odda, 27.3.2023
Brita Jordal – skrivar

Referatet underskrive av:

——————————————-                  —————————————-

Aud Mari Eitrheim                                                          Randi Jåstad

 

ÅRSMELDING 2022 FOR HARDANGER HISTORIELAG

I 2022 har laget vore tilbake i nær vanleg drift etter koronapandemien, men aktiviteten har vore moderat og noko prega av at ein ville ha økonomisk kontroll fordi det var budsjettert med eit underskot på kr 23.000 i drift.

Årsmøte for Hardanger historielag 2022 vart halde på Hardanger folkemuseum den 3. april med 15 medlemer til stades. Årsmøtesakene vart samrøystes vedtekne. 

Styret har vore:
Gunnar Ingvaldson Folkedal, Granvin, attvald leiar for 1 år, vald som styremedlem i 2021.
Torgeir T. Alsåker, Ullensvang, nestleiar, vald som styremedlem for 2 år i 2022.
Brita Jordal, Odda, skrivar, vald som styremedlem i 2021.  
Brita Træbakken, Kvam, styremedlem, vald for 2 år i 2022.
Reidar Øygard, Ullensvang, styremedlem, vald for 2 år i 2022. 

Varamedlemer vald for 1 år:

  1. Hans Hellevang, Eidfjord (møter fast)
  2. Olav Hovland, Ullensvang.
  3. Otto Galtung, Ullensvang.

Valnemnd for 2023, valt på årsmøtet i 2022

  1. Harald Olav Aksnes, attval for 1 år.
  2. Marit Bleie Mannsåker, attval for 2 år.
  3. Hildeborg Dalaker, ny for 3 år.

Redaksjon for årboka «Hardanger»
Redaksjonen har vore delt mellom gammal og ny redaktør. Redaktør Marit Bleie Mannsåker ynskte gje seg i løpet av 2022. Styret sette ned ei arbeidsgruppe og lukkast med å få på plass ny redaktør raskt. Knut Markhus tok over frå april 2022. Harald Hognerud har vore biletredaktør og Brita Jordal medredaktør for artikkelvalet.

Styrearbeidet i meldingsåret
Det er halde 2 styremøte, eitt i januar og eitt i samband med årsmøtet, båe på Hardanger Folkemuseum. Det er handsama 15 saker, mellom anna saker vedkomande ny redaktør. Rekneskapsførar og leiar har halde fram med å rydda opp i postadresser til medlemene. Styret / rekneskapsførar held fram med å samla inn e-postadresser til medlemene. Tekst på giroen som ligg ved årbøkene, oppmodar alle om å melda inn e-postadressa si.

Hardanger Historielag sitt lager av tidlegare utgitte årbøker og særtrykk / monografiar vart gjennomgått i 2021 og ein har god oversikt over restopplag. Sal av eldre bøker skjer mest via heimesida og det er selt nær dobbelt så mykje som budsjettert. I desember var leiar og skrivar til stades med bøker på lokalhistorisk dag på Voss og på jolatorget på Nå, men salet vart svært moderat. Til jolatorget på Nå skaffa laget eit nytt profileringsbanner i form av ein Roll-Up. Hovudmotivet er ei smilande bunadsjente frå eit fargerikt Hans Dahl-motiv. Kassetten for banneret arva vi frå Kraftmuseet.

Tre medlemer og leier var utsendingar til Hordaland sogelag sine lokalhistoriske dagar og årsmøte i Granvin / Ulvik / Eidfjord frå 27. – 28. mars. Granvin sogelag var arrangør saman med lokallaga i Ulvik og Eidfjord. Programmet var godt og inspirerande.

Heimesida
Dei nye heimesidene frå 2021 fungerer godt. Det er lett å melda seg inn for nye medlemer. Styret samarbeider tett med firmaet Glynt i Øystese som publiserer informasjon vi lagar. Omtale av turar, søknadsfristar, arrangement og saker ligg under Nyhende. Årsmeldingar med meir har faste plassar. Arbeidet med omlegging av bibliografien har ikkje kome vidare i meldingsåret, men opplysningar om eldre bøker og hefte er lett tilgjengeleg og tinging skjer via e-post eller telefon. Sidene har link til Nasjonalbiblioteket (nb.no) der årbøkene fram til og med 2017 er tilgjengelege i fulltekst. Nettadressa vår er www.hardanger-historielag.no.

Støtte til lokalhistorisk arbeid
Det var budsjettert med kr 20 000 og det kom inn 2 søknadar, men styret løyvde berre til Kunstgruppa i Agatunet sin jubileumsutstilling med kunstplakatar. Styret meiner at prosjektløyvingar er ein viktig aktivitet og god profilering av laget, men tildelingar må vurderast strengt når det ikkje er rom for det i budsjettet.

Tilskipingar
I samband med årsmøtet heldt båtbyggjar Peter Helland-Hansen frå Hardanger Fartøyvernsenter foredrag om kyrkjebåtar i Hardanger. Helland-Hansen med fleire har tidlegare gjennomført eit stort registreringsprosjekt av kyrkjebåtar, dels støtta av Hardanger Historielag. Arrangementet var gratis og ope for alle og samla 20 personar.

Hardanger Historielag sin tur til Vallavik og Hallanger var òg open for alle og samla i alt 50 personar søndag 21. august 2022. Det var frivillig deltakaravgift via Vipps. Dei som betalte fekk årboka for 2012 om dei ynskte. Dagen vart svært vellukka. Styret takkar alle som la til rette og fortalde. Referat er trykt i årboka 2022.

Hardanger Historielag på Facebook
Det har vore ujamn aktivitet på laget si Facebooksida, men styret ser aktiviteten i sosiale media som svært viktig for profilering og medlemsverving, – det blir vist til heimesida.  Årsmøtet og foredrag vart annonsert og omtalt i mange aktuelle Facebook-grupper, det same vart utlysing av løyvingar og turen til Hallanger. Årboka vart aktivt marknadsført og fleire smakebitar frå artiklane vart lagt ut.

Økonomi:
Årsrekneskapen for 2022 viser ei samla omsetning på kr 324.857,- og eit overskot på kr 38.879,- Det var budsjettert med eit underskot på 23.000,-.

Balansen viser pr. 31.12.2022 ein eigenkapital på kr 396.872,-

Rekneskapsførar
Fonna Økonomi AS ved Jakob Bleie fører rekneskapen.

Årboka Hardanger
Utgjeving av årboka Hardanger er ei hovudsak for laget. Årboka 2022 er innbunden, har 204 sider, 9 annonsesider og 12 sider med meldingar og referat frå laget. Lysingar er skaffa av styret ved leiar og skrivar. Boka kostar kr 310 i laussal og har eit opplag på 1250 eksemplar, det same som i 2020 og 2021. Innhaldet er variert med tema frå alle delar av Hardanger.

Utsending til medlemer var utført av forlaget til ein god pris og alle fekk boka tilsendt i november. Det er trykt opp plakatar som profilerer årboka ved utsalsstadene. Boka har selt bra i butikkar/bokhandlar og ved tinging via heimesida eller direkte til leiar.

I mangel av forretningsførar, har leiar tatt arbeidet med å køyra ut årbøker til utsalsstadane og føra kontroll med salet, eit tidkrevjande og viktig arbeid. Med unntak av køyregodtgjering er arbeidet utført kostnadsfritt. Dette avspeglar ikkje reelle driftsutgifter og må endrast i komande budsjett. 

Medlemstal:
Det var i meldingsåret 824 medlemer i Hardanger historielag. Av desse er 800 betalande medlemer. Medlemstalet har i 2022 stabilisert seg, med 32 innmeldingar og 26 utmeldingar.

Styret for Hardanger historielag.