Besøk på Nes gard

16.05.24 | Nyhende

Sundag 2. juni arrangerer vi besøk på Nes gard.
 
Garden er eigd av Geirmund Nes og ligg mellom Øystese og Norheimsund (Hardanger Feriesenter). Han har bygd opp ein klosterhage og har eit privat museum med svært mange interessante gjenstandar. Dessutan er han ein flink forteljar!
 
Vi møtest kl 14. Det vert servering og omvisning.
 
Meld deg på til Brita Træbakken (sms 915 34 831) innan torsdag 30 mai. Du kan og senda ein e-post til brita.traebakken@lyse.net
 
Pris Kr 250 pr person.
Årboka HARDANGER 2024

Årboka HARDANGER 2024

Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Men saknar du ho må du melda frå til leiar Gunnar I. Folkedal på telefon 918 45 719 eller e-post post@hardanger-historielag.no. Det kan vera at vi har feil postadresse til deg, - har du flytta kanskje? Eller det kan ha...