Bli med oss på tur til Vallavik og Hallanger den 21. august 2022

27.06.22 | Nyhende

Hardanger Historielag inviterer til ny tur i Hardanger. I år kan du bli med til Vallavik og Hallanger. Dette er to særprega stader med historisk sus frå brubygging, båtbygging, fotografering, bjørnejakt, flystyrt under krigen og mykje anna. Men har du nokon gong vore der? Desse stadane ligg langt inne i Hardanger, er ganske så sentralt plasserte, men likevel “uoppdaga” av mange.

Vallavik ligg der Hardangerbrua når land og blir “slukt” av fjellet på vestsida av Eidfjorden. Hallanger er bygda på hylla i fjellsida, 1,5 kilometer frå Vallavik og berre 200 høgdemeter opp frå fjorden. Det går bilveg mellom gardane/bygdene, så her blir det lett å gå for mange.  Og her er lokalhistorie å finna for einkvar smak.

Turen til Vallavik og Hallanger startar på parkeringsplassen ved det turkise rekkverket i høgre biletkant i biletet øvst på sida.

Vi møtest kl 11 på den romslege parkeringa i Vallavik, like ved Hardangerbrua.  Køyr mot Ulvik i Vallaviktunellen og sving av til Tjoflot / Djønno, så kjem du til parkeringa. Først går vi gjennom gangtunellen og opp på brua ein tur, ei ganske mektig oppleving under det høge brutårnet og høgt over fjorden. Helena Kjepso vil fortelja om historie og konfliktar omkring brua, eit arbeid ho var med på i regi av Hardanger Folkemuseum og skreiv om i årboka Hardanger 2012. Deretter går vi ned til Vallavik og møter Paul Wallevik som fortel oss om bestefaren, den kjende skipparen og fotografen Anders P. Wallevik (1874-1965). Han levde eit forvitneleg og spennande liv som har sett mange spor i vår felles kulturarv.

Frå Vallavik går vi i roleg tempo oppover til Hallanger som ligg på eit platå i fjellsida. Hallanger vert òg kalla Vangsbygda.

Her ligg det gardar med fastbuande i fleire hus. Ei gammal skulestove har dei òg, som vi kan koma inn i om veret ikkje er så bra. Jan Ivar Rødland frå Granvin og Leif Kåre Havås vil fortelja om flystyrten på Disk, ei krigshistorie frå 1942. Og Magne Hallanger på 85 år hugsar hendinga og vil møta oss. Og kanskje får vi høyra om den siste bjørnejakta i Hardanger som skal ha gått føre seg i fjellet ovanfor her.

Mat og drikke til turen tar kvar og ein med seg.
Turen er open for alle interesserte mot ei frivillig turavgift på kr 100,-. (Dette kjem vi tilbake til. Vi har Vipps.)
Men nye medlemer er svært velkomne. Gå inn på heimesida vår, og meld deg inn. For 260 kroner får du då tilsendt årboka frå 2021 og i tillegg den nye som kjem i november 2022.

Påmelding til turen er ikkje nødvendig, men meld gjerne frå til Brita Jordal, SMS 90139984. Hugs å merka med “Tur Hallanger” og namnet ditt. Alle som betalar turavgift får årboka frå 2012 utdelt på staden.

Vel møtt!

Helsing turnemnda ved Gunnar I. Folkedal og Brita Jordal

Biletet øvst på sida: Turen til Vallavik og Hallanger startar på parkeringsplassen ved det turkise rekkverket i høgre biletkant.

Biletet over: Hallanger.

Begge foto: Brita Jordal.

Haustturen til Vallavik og Hallanger

Haustturen til Vallavik og Hallanger

Hardanger Historielag sin tur til Vallavik og Hallanger samla i alt 50 personar søndag 21. august 2022. Paul Wallevik som eig garden og husa i Vallavik no, tok raust imot oss i den gamle løa som han prøver å gjera til eit lite kultursenter. Dagen før hadde prosjektet...

Årboka HARDANGER 2022

Årboka HARDANGER 2022

Alle medlemer skal no ha fått årboka 2022 i posten. Om du saknar årboka for 2022, kan det vera at vi har feil adresse. Kanskje har du flytta, fått ny adresse eller fått postboks? Vi ber dykk senda adresse-endring i e-post til post@hardanger-historielag.no eller ringja...