Ei krafthistorisk vandring i Ålvikfjellet

18.11.20 | Nyhende

Hardanger Historielag har dei siste åra gått nye vegar for å formidla historie frå Hardanger. For fjerde gong skipa vi i år til tur for alle interesserte. Målet er å skapa interesse for lokalhistoria, visa at vi er eit aktivt historielag og gjerne få nokre nye medlemer. Turen gjekk søndag 30. august og var eit samarbeid med Kraftmuseet i Tyssedal. Veret var på vår side og i alt 25 personar kom stålande nøgde tilbake etter nesten åtte timar på tur.

 

Ved Bjølsegrødammen

Ved Bjølsegrødammen

Tema for turen var kraftutbygging i høgfjellet. Det er skapt kulturminne gjennom meir enn hundre år med kraftutbygging rundt Bjølsegrø-magasinet, 863 m.o.h. Vatn frå Bjølvefossen og vassdraget har gitt kraft til industriproduksjonen i Ålvik. Fossekampaniet A/S Bjølvefossen vart stifta alt i 1905, og i 1916 kom den første kraftstasjonen i Ytre Ålvik i drift. Anlegget er sidan bygd ut i etappar for å sikre nok vasskraft til Bjølvo kraftverk og industrien. No ligg det meste inne i fjellet og anlegg i dagen er fjerna.

Terje Kollbotn var ein engasjert turleiar og guide

Terje Kollbotn var ein engasjert turleiar og guide

Terje Kollbotn, tidlegare tilsett ved Kraftmuseet i Tyssedal, var ein glimrande og engasjert turleiar og guide. Før Statkraft for nokre år sidan rydda vekk den lange og kjende trallebanen frå Ålvik til Toppen og anlegg i fjellet, var Terje prosjektleiar for eit omfattande dokumentasjonsarbeid som museet gjennomførte for Statkraft i 2014, i forkant av at dei skulle fjerna bygg og anlegg som ikkje lenger var i bruk. Intervju, artiklar og foto frå prosjektet ligg lett tilgjengelege på Kraftmuseet sine nettsider.

Terje Lothe fortalde medan vi andre åt nista og koste oss

Terje Lothe fortalde medan vi andre åt nista og koste oss.

Turen starta med frammøte ved butikken i Ålvik og biltransport langs bomvegen frå Vikedal til Hedlerdalen, ca. 600 m.o.h. Her helste vi på ein av informantane, Sigbjørn Ålvik. Han var ei viktig kjelde i dokumentasjonsprosjektet. Etter 1,5 time var vi framme ved grunnmurane etter brakkene nedom Bjølsegrø-dammen og fekk smakebitar av minne frå brakkeliv under anleggsperiodar og påsketurar i brakkene i seinare år. Ved dammen fortalde Terje Lothe om anleggsarbeid og utbyggingar.

Du kan høyra han fortelja meir her: http://www.nvim.no/arbeidarar-fortel/synken-og-brakkene-ved-bjolsegrodammen-article459-962.html

Fjellpartiet Giljafjellet var goldt og særprega og utsikten utover Hardangerfjorden var overveldande.

Fjellpartiet Giljafjellet var goldt og særprega og utsikten utover Hardangerfjorden var overveldande.

Vidare losa Terje Lothe oss langs Bjølsegrøvatnet og fram til der vi skulle ta av for å koma over det svært karrige og spesielle Giljafjellet og fram mot fjorden. Stien er markert med raude piler og merke, men hadde vi fått skodde her, ville det vore krevjande og utriveleg. Denne dagen var veret derimot på vår side og utsikten innover og utover Hardangerfjorden var skimrande og overveldande, eit minne vi seint vil gløyma. 

Før vi kom ned til «Toppen», måtte vi ha ny matpause og meir informasjon.

Før vi kom ned til «Toppen», måtte vi ha ny matpause og meir informasjon.

Undervegs vart det mange stopp og Terje Kollbotn og andre deltakarar fortalde historie og anekdoter. Utdordringane har vore mange her oppe i det ville og verharde fjellet. Terrenget er dels krevjande og berre dei raskaste nådde heilt ned til “Toppen” der trallebanen tidlegare kom opp langs røyrgata, også den totalt fjerna no. Men sjølv om bane og bygg er borte, var det tydeleg ei stor oppleving å koma fram til Toppen og kikka ned i fjorden. Her har det nok utspelt seg mange drama og vore utført mange tunge tak.

Tilbake til bilane gjekk vi på god sti langs anleggsvegen og dei relativt nye «monstermastene» under Giljafjellet.

Tilbake til bilane gjekk vi på god sti langs anleggsvegen og dei relativt nye «monstermastene» under Giljafjellet.

Hardanger Historielag takkar turleiar Terje Kollbotn og lokale kjentfolk frå Ålvik, forutan alle deltakarar som bidrog til at turen vart interessant og gjekk så fint.

Vi håpar på nye turar i åra som kjem, og har du forslag til ruter og guidar som kan vera med, tek vi gjerne imot det. Vi håpar og fleire vil melda seg inn i laget og få årbøkene i posten kvart år i november, men alle er like velkomne på turane våre. Meld deg inn her.

Har du lyst til å lesa, sjå og høyra meir krafthistorie frå Ålvik, er Kraftmuseet sine nettsider staden. Klikk deg inn her: www.kraftmuseet.no/Historie/ og på www.kraftmuseet.no/arbeidarar-fortel/fliseguten-rasmus-sandvik-article758-962.html.

Foto og tekst ved Brita Jordal, rådgjevar ved Kraftmuseet og turleiar frå Historielaget saman med Marit Bleie Mannsåker og Gunnar I. Folkedal.

Klikk på bileta over for større versjonar.

Årboka Hardanger 2020 er ute

Årboka Hardanger 2020 er ute

Alle medlemer får ho i posten. Om nokon saknar ho eller har fått ny adresse i det siste, ber vi dykk senda e-post eller ringa oss. Og dei som har fått lyst til å bli medlemer kan melda seg inn her på sida. Kostar berre 100,- for første år, altså 2020. Årboka får du då...

Historisk kraftvandring i Ålvikfjellet

Historisk kraftvandring i Ålvikfjellet

Søndag 30. august inviterer Hardanger Historielag og Kraftmuseet i Tyssedal til ein spanande tur i Ålvikfjellet. Tema er kraftutbygging i høgfjellet. Her finn vi kulturminne gjennom meir enn hundre år med kraftutbygging rundt Bjølsegrø-magasinet (863 m.o.h). Vatn...

Årsmøte 2020

Årsmøte 2020

Årsmøtet i Hardanger historielag vert 22. juni klokka 16:30 på Hardanger folkemuseum, Utne. Vanlege årsmøtesaker. Årsmøtet 2020 var planlagt til den 15. mars, men måtte avlysast grunna koronasituasjonen. Det planlagte foredraget om kyrkjebåtar i Hardanger ved...