Etter årsmøtet 2025: Møt Åse Teigland og Arne Fykse frå Hardanger folkemusikksamling

20.02.25 | Nyhende

Folkemusikk, song og dans er viktige sider ved kulturen i Hardanger og for at denne kulturen skal bli hugsa, driv Hardanger Folkemusikksamling innsamling eller dokumentasjon. Åse Teigland er styreleiar for samlinga. No er dei i gang med eit nytt 3-årig prosjekt med Arne Fykse som prosjektleiar. Hardanger Historielag har støtta prosjektet økonomisk og vi ser fram til ein presentasjon i ord og tonar i eit program etter årsmøtet sundag 23. mars på Hardanger Folkemuseum.

I prosjektomtalen skriv dei: «Hardanger Spelemannslag tok i 2017 initiativ til eit dokumentasjonsprosjekt for å samla inn tradisjonelt felespel, song og dans. Spelemannslaget sitt innsamlingsprosjekt er avslutta og materialet arkivert. Men i dag er det mange unge utøvarar innan folkemusikk og folkedans i Hardanger, og arbeidet med dokumentasjon av samtidas utøvarar innan folkemusikk- og dans er på ingen måte ferdig. Hardanger folkemusikksamling ynskjer å vidareføra dette viktige arbeidet med eit 3-årig dokumentasjonsprosjekt. Det innsamla materiale vil verta arkivert ved Hardanger folkemusikksamling på Hardanger folkemuseum, Utne.»

Hardanger Folkemusikksamling vart skipa i 1984 som eit samarbeid mellom Hardanger Spelemannslag, Hardanger folkemuseum, Kvemmingen Spel- og Dansarlag og Hordaland Ungdomslag. Samlinga held til ved Hardanger folkemuseum, Utne. Hardanger Folkemusikksamling inneheld om lag 8000 enkeltkutt med folkemusikkopptak, samt ein del filmopptak med dans og spel frå Hardanger. Vidare har Hardanger Folkemusikksamling ei notesamling med tradisjonsstoff for vokal og hardingfele, m.a. Hardingfeleverket, og ei stor mengde pathefon- og grammofonplater med folkemusikk.

Årboka HARDANGER 2024

Årboka HARDANGER 2024

Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Men saknar du ho må du melda frå til leiar Gunnar I. Folkedal på telefon 918 45 719 eller e-post post@hardanger-historielag.no. Det kan vera at vi har feil postadresse til deg, - har du flytta kanskje? Eller det kan ha...

Frå Moster til Hardanger. – Temahelg 16.–17. november

Frå Moster til Hardanger. – Temahelg 16.–17. november

2024 er eit stort jubileumsår i Noreg. Vi feirar at det er1000 år sidan kristenretten vart innført på Moster, og 750 år for Magnus Lagabøte si landslov. Landslova av 1274 vart skriven i Bergen, men kva fekk lova å sei i Hardanger? – Meir enn vi tenkjer på til dagleg i...