Hardanger - ei regionshistorie

Hardanger – ei regionshistorie

Etter ei historisk lansering av bokverket laurdag 18.april er Hardanger ei regionhistorie klar for sal.

Medlemmene til Hardanger historielag får framleis høve til å kjøpe trebandsverket  til redusert pris. Ordinært kostar verket kr 1199,- spesialpris for medlemmer er kr 990,- og fritt levert heim. Du kan tinga verket slik:

1.Gå inn på  haugenbok.no og  nytt  rabattkoden Hardanger i trinn 2 i tingingsprosessen.  Ein kan óg kontakta Haugenbok på telefon 70074500 eller epost@haugenbok.no  for å tinge verket.

Alternativt  kan medlemmer kjøpe og hente  bøkene på Hardanger folkemuseum som har medlemslister.

Gå direkte til verket ved å klikke på denne lenka: http://www.haugenbok.no/Hardanger-I-III/I9788245010701

Hardanger – Ei regionhistorie er rikt illustrert og byr på unik lokalhistorie frå før år 1750 og fram til i dag.

Hardanger ei regionhistorie  er den første samla framstellinga av historia til Hardanger – frå istid til i dag.

Band 1 fortel om utviklinga frå steinalderen og fram mot jordbrukssamfunnet kring 1750.

Band 2 fortel om moderniseringa av bondesamfunnet fram mot 1900.

Band 3 fortel om tida etter at storindustrien og fruktdyrkinga for alvor gjorde sitt inntog i regionen etter 1900.

Du kan kjøpa verket på Hardanger Folkemuseum UTNE

 

Årsmøte
Laurdag 25. februar kl 10.30
på Hardanger Folkemuseum, Utne
Vanlege årsmøtesaker
Kaffipause
Ope for alle:
Kl 11.30 Møte med to av forfattarane til den
nye regionhistorien for Hardanger