Haustturen til Vallavik og Hallanger

30.12.22 | Nyhende

Hardanger Historielag sin tur til Vallavik og Hallanger samla i alt 50 personar søndag 21. august 2022. Paul Wallevik som eig garden og husa i Vallavik no, tok raust imot oss i den gamle løa som han prøver å gjera til eit lite kultursenter. Dagen før hadde prosjektet fått ei større pengeløyving frå Frank Mohn, så Paul var i godt slag. Han fortalde litt om arbeidet med å setja løa og gardstunet i stand og om innsatsen som måtte til då dei opphavlege planane for Hardangerbrua føreslo å leggja rundkøyringa i dagen der tunet er.

Seglskutetider
Paul fortalde mest om bestefaren, Anders P. Wallevik, som særleg er kjend som seglskuteskippar og fotograf. Han var født i 1874, var eldst av ti sysken, og kom tidleg i arbeid ved Brakanes hotel. Her oppdaga han potensialet i fotografyrket. Men då faren døydde tidleg, måtte han stupa inn i mykje ansvar knytt til garden. Berre 23 år gammal segla han jakta «Håbet» på handelsferd til Sverige og her kom dei ut for storm, ei oppleving han fortalde om heile livet. Journalen frå turen finst framleis. Og slik tradisjonen var på den tid, så avslutta han journalføringa kvar dag med orda «Gud være med oss».

Anders ville aldri gå over til motordrift på båtane sine. Han ville ikkje risikera at det kunne koma oljesøl i fiskelasta når dei segla på Nordland. Dette prinsippet heldt han fast ved heilt til 1937 då han selde siste skuta.

Anders Wallevik sine foto har ofte vore på trykk i årboka Hardanger, og det er skrive artiklar om han her. Og skulle nokon vera interessert i eit signert eksemplar av Elisabeth Vallevik Engelstad si flotte bok «Fjorden var vegen. Fotopioneren Anders Paulsson Wallevik», så har Paul bøker på lager.

Brukonflikter
Turdagen til Vallavik og Hallanger starta med regn og lågt skydekke, så vi tok heile programmet i Vallavik i løa. Sidan staden berre ligg eit par steinkast frå eine brutårnet på Hardangerbrua, passa det fint at Helena Kjepso fortalde frå dokumentasjonsarbeidet som Hardanger Folkemuseum utførte i forkant av opninga av brua. Her var både forkjemparar og motstandarar representerte gjennom aksjonsgrupper og enkeltpersonar. Mellom anna la museet vekt på å sjå på bruken av bunaden og aktiviteten i aksjonsgruppa «Hardangerkvinner for bru», som seinare vart til aksjonsgruppa «Hardangerkvinner for bru og betre vegar». Arbeidet er summert opp i ein artikkel i årboka Hardanger 2012. Og originalmaterialet er tatt vare på i museet og kan vera grunnlag for ny forsking og historieskriving. Ynskjer nokon sjå nærare på det er dei velkomne, seier Helena på vegner av Hardanger og Voss museum.

Flystyrten i Disk ovanfor Hallanger
Det skifta brått mellom regn og sol, denne dagen vi var på tur. Då programmet var slutt i løa, skein sola intenst og mange valde å gå den fine turen opp bakkane til vakre Hallanger, andre tok bilen med. På Hallanger venta Jan Ivar Rødland og Leif Kåre Havås på oss, og det same gjorde Magne Hallanger. Sistnemnde var fem år då eit tysk fly stasjonert ved den tyske basen i Eidfjord gjekk rett i fjellveggen «Disk». Dette skjedde den 16. juli 1942, ein dag med skodde i nutane, nett som på turdagen vår.

I sommar var det altså 80 år sidan hendinga, og det er skrive lite og ingenting om denne flyulukka trass i at fire personar døydde og flyet var lasta med mykje ammunisjon og fem bomber som gjekk av. Rødland og Havås med fleire har lagt ned eit stort arbeid for å finna mest mogleg ut om hendinga, og dei la fram historia på ein engasjerande måte. Kva planar hadde flyet nett denne dagen då dei elles berre dreiv rekognosering, og kvifor var det lasta med bomber? Terrenget der flyet datt ned er vilt. Men mange flydeler er i tidlegare år henta ned, og mellom anna er det laga mange aluminiumspanner (kokekar) av godset i flyet. Dette vart særleg utført ved verkstaden i fabrikken i Ålvik. For å dokumentera det som ligg igjen i terrenget, har Havås no filma med drone. Men Rødland kom med ei sterk oppmoding om å la det som no ligg igjen i terrenget bli liggjande som «vitne». Dei fire tyskarane som omkom, er gravlagde på den tyske delen av gravplassen i Bergen.

Medan vi høyrde på forteljinga, letta skodda og vi kunne sjå fjellveggen Disk og det ville terrenget ovanfor Hallanger. Det er nesten ikkje til å forstå at her gjekk buførevegen til Dalsete, der både Vallavik og Hallanger har stølar.

Avslutting i skulestova
Siste post på turprogrammet var eit besøk i det gamle skulehuset som no er eit triveleg grendehus på Hallanger. Tidlegare lærar Liv Hauso som òg bur på Hallanger inviterte inn, og det passa ekstra godt, for nett då svartna himmelen til og det kom ei ny styrtebye. Skulehuset samla tidlegare elevar frå dei veglause gardane og grendene mellom Bruravik og Vallavik. Og heilt fram til slutten av 1960-talet hadde HSD faste rutebåtar med anløp her. Ullensvang og Ulvik (Powerful Viking) heitte nokre av dei siste båtane. På veggen i grendehuset hang det òg foto frå den siste bjørnejakta i området, og Anlaug Sponheim Vik kunne fortelja at oldefar hennar frå Odda var med då.

Hardanger Historielag vil takka alle som la til rette og fortalde for oss, men òg alle som møtte fram og bidrog til at det vart nok ein triveleg turdag i regi av laget. Førre tur var for to år sidan då turen gjekk i Ålvikfjellet. Har nokon tips til nye opplegg, tek styret gjerne imot forslag.

 

Brita Jordal, skrivar i Hardanger Historielag

Årboka HARDANGER 2022

Årboka HARDANGER 2022

Alle medlemer skal no ha fått årboka 2022 i posten. Om du saknar årboka for 2022, kan det vera at vi har feil adresse. Kanskje har du flytta, fått ny adresse eller fått postboks? Vi ber dykk senda adresse-endring i e-post til post@hardanger-historielag.no eller ringja...