Hotell i særklasse

15.03.23 | Nyhende

Laurdag 15. april ynskjer Hardanger Historielag, Kraftmuseet og Sentralbadet Litteraturhus i Odda velkomen til temadag om Hotel Hardanger og andre Hardanger-hotell med arkitekt Jess sin signatur.

Billettar, kr 200,- / honnør 150,-, kan kjøpast på TicketCo «Hotell i særklasse» eller i døra så lenge det er ledige plassar. Litteraturhuset sel lunsj med meir i pausane.

Hotel Hardanger i Odda har sidan 1896 stått som eit lysande døme på hotellarkitektur i særklasse, sjølv no, snart 50 år etter at det vart rive. Samstundes står det også som eit døme på ein opprivande politisk kamp om kulturverdiar i Odda. I Granvin sto Mælands hotell med arkitekt Jess sin signatur. Det rauk med i brann. Og Låtefoss, Seljestad og Jordals Hotel er rivne.

Arkitekten bak, Hans Heinrich Jess er ikkje like kjend som Hotel Hardanger. Men det er stryningen Edvard Faleide i ferd med å endra på. Faleide arbeider med arkitekt Jess sin samla historie og har skrive to artiklar i Årboka Hardanger. På temadagen held han to foredrag om Jess sin arkitektur.

Mads Ramstad, museumsdirektør for Haugalandsmuseet, er oldebarn til «sjølvaste hotellfruo» i Odda, den legendariske fru Sofie Tollefsen, født Simonsen. Også broren Theodor Simonsen og to systre, den eine ved Sandven Hotel i Norheimsund, høyrde til «hotelldynastiet» i Hardanger. Ramstad fortel om Tollefsen- og Simonsen-familiane som eigde og dreiv Hotel Hardanger. – kven var skipskapteinen, «fruo» og forretningsføraren?

Mykje av dekoren frå Hotel Hardanger/Det gamle rådhuset vart berga. Tor Henrik Mannsåker var arkitekten bak innpassing av desse i Ungdomshallen i Odda i 1981-83. Saman med Jon Låte var han òg ein av dei som på 1970-talet kjempa hardt for at Hotel Hardanger / Det gamle rådhuset ikkje skulle slettast frå bybildet. Jon Låte vil fortelja om det store engasjementet og dei politiske kampane og Tor Henrik Mannsåker om arbeidet med å ta vare på verdiar i bygget og innpassa dei i Ungdomshallen som i etterkant vart eit praktbygg med verna verdi.

Mot slutten av arrangementet er det omvising saman med Tor Henrik Mannsåker i Ungdomshallen. I pausane sel historielaget årbøker og medlemskap i laget og Kraftmuseet sel bøkene «Underdeilig – Hardanger si reiselivshistorie» og «Fabrikkbyane i Hardanger – husa i industrilandskapet».

PROGRAM
11.00               Velkomen.

11.05               Edvard Faleide: Bergensarkitekten Jess: Nygotikk og nyrenessanse.

11.50               Kort pause med sal av kaffi/te/noko å bita i.

12.00               Edvard Faleide: Kyrkje- og hotellarkitekten Jess i bygdene på Vestlandet,
                         med vekt på Odda-området og Hotell Hardanger.

12.45               Lunsjpause med sal av mat og drikke.

13.15               Mads Ramstad: Tollefsen og Simonsen som eigde og dreiv «Hotel
                        Hardanger» – kven var skipskapteinen, «fruo» og forretningsføraren?

13.45               Jon Låte: Kampen for å redda Hotel Hardanger /
                        Det gamle rådhuset frå total riving

14.15               Kaffi / fruktpause.

14.30               Tor Henrik Mannsåker: Det som bergast kunne – Om dekoren
                         i Ungdomshallen.

14.50               Tor Henrik med fleire: Omvising i Ungdomshallen for å sjå dekor
                         og bygningsdelar som er tatt i bruk. Deretter eventuelt vandring til
                         Simonsen-huset, Tyssedalsvegen 2.

15.40               Tilbake til Sentralbadet Litteraturhus: Avrunding, tid til spørsmål

16.00               Slutt

 

Presentasjon av Årboka 2023

Presentasjon av Årboka 2023

Vi ønskjer velkommen til presentasjon av Årboka 2023 på Norheimsund Bibliotek 6. desember kl 18.   Årboka er i år på over 200 sider fulle av gode artiklar og bilete fra Hardanger. Redaktør Knut Markhus og Heidi Richardson vil fortelja om boka.

Årsmøte 2023

Årsmøte 2023

Hardanger Historielag held årsmøte på Hardanger Folkemeuseum på Utne sundag 19. mars kl 16:30. Etter årsmøtet vert det innlegg av Aud Mari Eitrheim som orienterer om 300 års-jubileet til Hesthamar Skrivargard, restaureringsarbeidet  og planane framover. Ho vil også...

Støtte til lokalhistorisk arbeid 2023

Støtte til lokalhistorisk arbeid 2023

Hardanger Historielag støttar arbeid som fremjar gransking av historia til Hardangerbygdene, eller har som mål å spreia kunnskap om og skapa interesse for denne historia. Søknad kan sendast til Hardanger Historielag, Folkedalsvegen 286, 5736 GRANVIN...