Om oss

Hardanger Historielag

Hardanger Historielag vart stifta i 1908, og har alle desse åra vore eit samlande forum for alle som interesserer seg for nær og fjern fortid i Hardanger. Kvart år gjev laget ut årboka “Hardanger”. Det vert lagt vinn på å presentera både samlande utgreiingar og reint kjeldemateriale frå Hardanger-regionen.

Hardanger Historielag er eit samlande forum for alle som interesserer seg for nær og fjern fortid i Hardanger.

Aktivitet

Vedtekter

Hardanger Historielag har til føremål å fremja gransking av historia til hardangerbygdene. Vidare skal laget arbeida for å spreia kunnskap om og å skapa interesse for denne historia.

Les meir

Årsmøte

Årsmøte i Hardanger Historielag finn stad på Hardanger Folkemuseum på Utne.

Les meir

Bli medlem i dag

Historielaget har i dag ca. 900 medlemmer og ynskjer fleire. Er du interessert i lokalhistorie frå Hardanger er historielaget det rette for deg. Medlemsskapet kostar kr 240 pr. år. Innmelding via internett kr 100 første året.

Bli medlem