Årsmøte 18. mars 2018

07.03.18 | Arkiv

Årsmøte i Hardanger Historielag og miniseminar:

Aga-arkivet. Kva skattar kan finnast i ei kiste med gamle papir?

Sundag 18. mars kl 15 (Miniseminar 15.30) på Hardanger folkemuseum, Utne

Me ønskjer velkomen til årsmøte 2018. Etter dei vanlege årsmøtesakene vert det miniseminar –  i år med fokus på arkiv.  Her fortel Birgit Jaastad om 10 års arbeid med papira på eit loft på Aga. Korleis kom arbeidet i gang og kva fanga interessa? Korleis gjekk ho fram for å sikre og ordne samlinga av brev og dokument? Arbeidet med Aga-arkivet kan ha overføringsverdi for andre som sit på liknande skattar, kanskje utan å vita at dei er nettopp det.

Birgit Jaastad er cand.philol. /lektor frå Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd med Aga-arkivet sidan 2007, skrive fleire artiklar og halde kåseri med emne frå dette.

Open kafé frå kl 14 – velkomen!

Årboka HARDANGER 2024

Årboka HARDANGER 2024

Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Men saknar du ho må du melda frå til leiar Gunnar I. Folkedal på telefon 918 45 719 eller e-post post@hardanger-historielag.no. Det kan vera at vi har feil postadresse til deg, - har du flytta kanskje? Eller det kan ha...