Severine Seljestad sitt eventyrlege liv
Severine Seljestad er ei av jentene på det kjende fotoet frå Seljestad skysstasjon. Motivet er kjent både som foto og frimerke og det er omskrive i årboka Hardanger 2015. Torbjørg Seljestad som står med skrinet, er mest kjend. Ho var lenge hotellvertinne på Hotel Folgefonn. På bakken i bakgrunnen sit systera Severine. Ho var født i 1878 og reiste til Amerika i 1898. Då starta eit eventyrleg liv. Likevel kom ho tilbake til Seljestad, gifta seg med naboguten og busette seg på husmannsplassen nedanfor hotellet. Kva opplevde ho “over there” og kven var ho? Overgangen frå riksmannsliv i USA til små kår på Seljestad var stor. Barnebarnet Bjørn Seljestad vil visa foto og kåsera om bestemor si. Bjørn er lærar i Haugesund, men kjem frå Odda og har fritidsbustad på Seljestad.
Hardanger Historielag er arrangør i samarbeid med Odda bibliotek.
Etter årsmøtet 2025: Møt Åse Teigland og Arne Fykse frå Hardanger folkemusikksamling
Folkemusikk, song og dans er viktige sider ved kulturen i Hardanger og for at denne kulturen skal bli hugsa, driv Hardanger Folkemusikksamling innsamling eller dokumentasjon. Åse Teigland er styreleiar for samlinga. No er dei i gang med eit nytt 3-årig prosjekt med...
Årsmøtesak: vedtektsendring. Kunngjering av utsett søknadsfrist for støtte til lokalhistorisk arbeid
Hardanger historielag held årsmøte på Hardanger folkemuseum på Utne søndag 23.mars kl 16.30. I tillegg til vanlege årsmøtesaker fremjar styret dette framlegget til endring i vedtektene. Noverande tekst: 1 Føremål Hardanger Historielag har til føremål å fremja...
Årboka HARDANGER 2024
Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Men saknar du ho må du melda frå til leiar Gunnar I. Folkedal på telefon 918 45 719 eller e-post post@hardanger-historielag.no. Det kan vera at vi har feil postadresse til deg, - har du flytta kanskje? Eller det kan ha...