Utlysing av midlar 2019
Har du eit lokalhistorisk prosjekt på gang ? Hardanger Historielag støttar arbeid som fremjar gransking av historia til Hardangerbygdene, eller har som mål å spreia kunnskap om og skapa interesse for denne historia.
Send søknad til Hardanger Historielag, 5777 GRIMO eller post@hardanger-historielag.com
Søknaden skal innehalda budsjett og finansieringsplan for prosjektet
Etter årsmøtet 2025: Møt Åse Teigland og Arne Fykse frå Hardanger folkemusikksamling
Folkemusikk, song og dans er viktige sider ved kulturen i Hardanger og for at denne kulturen skal bli hugsa, driv Hardanger Folkemusikksamling innsamling eller dokumentasjon. Åse Teigland er styreleiar for samlinga. No er dei i gang med eit nytt 3-årig prosjekt med...
Årsmøtesak: vedtektsendring. Kunngjering av utsett søknadsfrist for støtte til lokalhistorisk arbeid
Hardanger historielag held årsmøte på Hardanger folkemuseum på Utne søndag 23.mars kl 16.30. I tillegg til vanlege årsmøtesaker fremjar styret dette framlegget til endring i vedtektene. Noverande tekst: 1 Føremål Hardanger Historielag har til føremål å fremja...
Årboka HARDANGER 2024
Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Men saknar du ho må du melda frå til leiar Gunnar I. Folkedal på telefon 918 45 719 eller e-post post@hardanger-historielag.no. Det kan vera at vi har feil postadresse til deg, - har du flytta kanskje? Eller det kan ha...