Tildeling av stønad

  • Årsmøtet i Hardanger Historielag set kvart år av midlar på budsjettet til tilskot, stønad og gåver.
  • Det skal lysast ut i lokalavisene i kvart distrikt at laget gir tilskot til “arbeid som fremjar gransking av historia til Hardangerbygdene, eller har som mål å spreia kunnskap om og skapa interesse for denne historia”, jamført §1 i vedtektene for Hardanger Historielag.
  • Styret fordeler dei avsette midlane på kvalifiserte søknader.
  • Søknaden må innehalda framdrifts- og finansieringsplan.

 

Desse midlane kan gjevast som:

1.      Tilskot for å prenta oppatt gamle skrifter, bøker og liknande

2.      Økonomisk stønad til anna historiearbeid

Av mogelege tiltak kan vera forsking som fremjar Hardanger si historie, innsamling av munnleg historiemateriale eller utgjeving av lokalhistoriske publikasjonar. Ein bør så langt råd er foreta ei geografisk fordeling av stønaden. Styret fører ei oversikt over tidlegare tildelte stønader.

Søknadsfristen er 1. mars

Søknad vert å senda til:

post@hardanger-historielag.no

eller

Hardanger Historielag
Folkedalsvegen 286
5736 Granvin

Hardanger historielag har til føremål å fremja gransking av historia til hardangerbygdene.