Vedtekter
1. Føremål
Hardanger Historielag har til føremål å fremja gransking av historia til hardangerbygdene. Vidare skal laget arbeida for å spreia kunnskap om og å skapa interesse for denne historia. I samsvar med føremålet skal Hardanger Historielag kvart år gje ut eit årsskrift. I tillegg bør laget prenta eller gje stønad til å få prenta opp att gamle skrift, bøker o.l. Laget kan òg gje økonomisk stønad til anna historiearbeid. Hardanger Historielag skipar til foredrag og kåseri om historiske emne. Styret i Hardanger Historielag kan melda laget inn i sogelagssamskipnader eller tilsvarande. Medlemskap og mogelege samarbeidsavtalar med andre lag eller institusjonar må godkjennast av årsmøtet. Nynorsk er språket til Hardanger Historielag.
2. Medlemskap
Medlemer av Hardanger Historielag er alle som har betalt medlemspengar. Alle medlemene har møte- og røysterett på årsmøtet. Ved likt røystetal under val, skal det vera lutkasting.
3. Styret
Styret vel sjølv nestleiar og skrivar. Styret held møte så ofte leiaren finn det naudsynt, eller når andre i styret krev det. For styremøta skal det førast møtebok som skal underskrivast av dei som møter. Fyrste varamedlem vert kalla inn fast og har talerett. Er ein styremedlem usamd i eit vedtak, kan styremedlemen krevja å få innført korleis ho/han har røysta.
4. Styret sine plikter
Styret skal leia laget si verksemd i samsvar med vedtektene og vedtak som er gjort. Det skal utførast påliteleg rekneskapsføring. Styret skal syta for at det vert utarbeidd årsmelding, rekneskap og budsjett. Årsmøtereferat med årsmelding og rekneskap skal trykkast i årsskriftet. Styret tilset forretningsførar og redaktør og fastset løn. Tilsetjinga gjeld til ein av partane seier opp tilsetjingsavtalen. Styret avgjer òg godtgjering til revisor.
5. Årsmøte
Innan utgangen av april kvart år skal det haldast årsmøte. Årsmøtet skal kunngjerast i lokalavisene seinast 14 dagar på førehand. Saker som medlemene vil ha opp på årsmøtet, må sendast styret innan 1. februar. Årsmøtet kan berre ta avgjer i saker som er oppsett på saklista i innkallinga. For møtet skal det førast møtebok, som skal underskrivast av møteleiaren og 2 medlemer.
Årsmøtet skal handsama:
1. Årsmelding.
2. Rekneskap.
3. Budsjett og medlemspengar.
4. Val av leiar.
5. Val av styremedlemer
6. Val av varafolk.
7. Val av valnemnd med leiar.
8. Val av revisor.
9. Andre saker.
I styret skal det vera 5 medlemer frå ulike deler av Hardanger. Kvart år skal det veljast leiar for 1 år og 2 styremedlemer for 2 år, andre val er for eitt år Det skal veljast nummererte varamedlemer. Valnemnda skal ha 3 medlemer og 1 varamedlem. Det vert vald 1 medlem kvart år som sit i 3 år. Tredje året er vedkomande leiar. Kvart år vert det vald 1 varamedlem for eitt år. Valnemnda skal ha ei innstilling til årsmøtet for alle verva som er på val – unnateke valnemnda.
6. Vedtektsendring
Vedtektene kan berre endrast på eit årsmøte. Framlegg til endring må sendast styret innan 1. februar. Vedtektsendring må kunngjerast i lokalavisene seinast ein månad før årsmøtet. Endring av vedtektene krev minst 2/3 av røystene på årsmøtet.
Hardanger Historielag har til føremål å fremja gransking av historia til hardangerbygdene.