Vellukka årsmøte 2021

07.10.21 | Arkiv, Nyhende

Gunnar Ingvaldsson Folkedal vart attvald som leiar i Hardanger Historielag.

Også dei andre tok attval og styret kan arbeida vidare i eit godt samarbeidsklima. Ei hovudsak framover blir å få flytta bibliografien for årbøkene over frå dei gamle til dei nye heimesidene og å leggja til rette for “pakkesal” av eldre trykte årbøker/hefte med meir.

Omvisinga med Agnete Sivertsen i utstillinga Opplut og belte trekte godt med folk. Omlag 30 var med der, medan berre 13 medlemer stoppa til årsmøtet. Hardanger Folkemuseum har verkeleg ei skattkiste med eldre draktdeler. Og det er ingen tvil om at jentene og kvinnene i Hardanger har late seg inspirera til å ta i bruk mange typar stoffer og fargar tidlegare òg.

Helsigvis blir utstillinga ståandeneste lenge, og mange kjem heilt sikkert tilbake for å sjå nærare på mønster til vakre belte.
Årboka HARDANGER 2024

Årboka HARDANGER 2024

Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Men saknar du ho må du melda frå til leiar Gunnar I. Folkedal på telefon 918 45 719 eller e-post post@hardanger-historielag.no. Det kan vera at vi har feil postadresse til deg, - har du flytta kanskje? Eller det kan ha...